Fredrikke Mørck
Fredrikke Mørck | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. november 1861 Trondheim |
Død |
14. oktober 1934 (72 år) |
Yrke | politikar, redaktør, stemmerettsforkjempar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Fredrikke Andrea Møllerup Mørck (9. november 1861–14. oktober 1934) var ei norsk kvinnesakskvinne, fødd og død i Trondheim.
Mørck var dotter til ein tollar. Ho tok lærarskuleeksamen i 1880 og arbeidde som guverante, lærar og skulestyrar ved ulike skular i hovudstaden fram til 1910. Ho skipa i 1900 Høiere Skolers Lærerindeforening og i tillegg eit engasjementskontor for lærarinner i høgre skular. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1926 til 1930.[1][2][3]
Mørck var med å redigere det store verket Norske kvinder, en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundreaaret 1814-1914, som kom ut i 1914. Til liks med meiningsfellen Gina Krog ynskte Mørck snøgge endringar og var derfor aktiv i Landskvindestemmeretsforeningen. I 1916 tok Mørck over redaktørstolen i kvinnesakstidsskriftet Nylænde etter Krog, og var redaktør i tidsskriftet til 1927. Ho representerte Noreg på mange internasjonale kongressar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Elisabeth Lønnå. «Nylænde». Store norske leksikon. Henta 1. fFebruar 2018.
- ↑ «Norsk Kvinnesaksforenings: Fredrikke Mørck». Henta 8. mars 2016.
- ↑ Lønnå, Elisabeth. «Fredrikke Mørck». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Kunnskapsforlaget. Henta 26. januar 2014.
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958